Det nærmar seg tida for å velje programområde og programfag for neste skoleår. Denne informasjonen er meint å hjelpe deg med dette.
Programområde
På Langhaugen kan du velje to ulike studiespesialiserande utdanningsprogram:
· Programområde for realfag
· Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi
Du må velje eitt av desse de to programområda. Det programområdet du vel i Vg2, må du fortsetje med i Vg3.
Fellesfag og programfag
· Fellesfag er alle fag som er obligatoriske for å få studiekompetanse.
· Fellesfaga vert avslutta med standpunkt-/eksamenskarakter siste året du har faga, med unnatak av matematikk som er avsluttande både i Vg1 og Vg2. Standpunktkarakterane og eventuelt eksamenskarakterane vil komme på vitnemålet
· Programfaga er fag du skal velje i Vg2 og Vg3. Desse faga er avsluttande kvart år. Du kan komme opp til eksamen kvart år. Standpunkt- og eventuelt eksamenskarakterar kommer på vitnemålet.
Fagvalet til Vg2
1. Du vel først programområde:
§ Programområde for realfag
§ Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi
2. Du må velje matematikk og tre programfag. Minst to av programfaga må vere frå det programområdet du har valt.
3. Dersom du vel matematikk R1 i staden for fellesfaget matematikk 2P, må du til saman velje fire programfag på Vg2.
4. I programområdet for språk/ samfunnsfag /økonomi kan du erstatte det eine programfaget med framandspråk nivå III i Vg3. Dette er også mogleg innanfor realfagleg programområde, dersom du har to realfag over to år i tillegg.
5. Fullførte du 10. årstrinn utan anna framandspråk enn engelsk, må du ha framandspråk nivå I + II over dei tre åra på vidaregåande.
Fagvalet til Vg3 (blir gjort når du går i Vg2):
1. Du må fortsetje med det same programområdet som du valde i Vg2.
2. Du vel tre programfag, og må fortsetje med minst to av faga du hadde på valt programområde på Vg2. Det tredje faget kan vere anten frå det same eller eit anna programområde.
Fag- og timefordeling på studiespesialiserande utdanningsprogram
Fellesfag |
Vg1 |
Vg2 |
Vg3 |
Sum |
Engelsk |
5 |
|
|
5 |
Framandspråk1) |
4 |
4 |
|
8 |
Geografi |
2 |
|
|
2 |
Kroppsøving |
2 |
2 |
2 |
6 |
Matematikk2) |
5 |
33) |
|
83) |
Naturfag |
5 |
|
|
5 |
Norsk |
4 |
4 |
6 |
14 |
Samfunnsfag |
3 |
|
|
3 |
Historie |
|
2 |
4 |
6 |
Religion og etikk |
|
|
3 |
3 |
Sum fellesfag |
30 |
153) |
15 |
603) |
Programfag frå valt programområde |
|
10 |
10 |
20 |
Programfag frå valt/ |
|
5 |
5 |
10 |
Ekstra programfag matematikk (R1 for dei som ikkje har 2P) |
|
5 |
|
|
Sum |
30 |
30 |
30 |
90 |
Raudt betyr at karakteren kommer på vitnemålet
1) Elevar som fullfører 10. årstrinn utan andre framandspråk enn engelsk, må ha framandspråk i tre år
2) I matematikk vert både karakteren frå Vg1 og frå Vg2 ført på vitnemålet
3) Berre for elevar som ikkje tar programfaget R1 i matematikk
PROGRAMOMRÅDE REALFAG |
· I Vg2 må du ta minst to programfag frå valt programområde på til saman 10 timer pr. uke (5+5)
· I Vg3 er hovudregelen at du må fortsetje med minst to av programfaga frå ditt programområde på Vg2.
· Eitt av realfaga kan også erstattast av framandspråk III dersom du har minst to fem timars realfag over to år i tillegg.
I programområde for realfag tilbyr vi følgjande programfag:
Matematikk |
Bet |
Merknad |
Realfagsmatematikk 1 |
R1 |
|
Realfagsmatematikk 2 |
R2 |
Byggjer på R1 |
Kjemi |
Bet |
Merknad |
Kjemi 1 |
KJ1 |
|
Kjemi 2 |
KJ2 |
Byggjer på KJ1 |
Fysikk |
Bet |
Merknad |
Fysikk 1 |
FY1 |
|
Fysikk 2 |
FY2 |
Byggjer på FY1 |
Biologi |
Bet |
Merknad |
Biologi 1 |
BI1 |
|
Biologi 2 |
BI2 |
|
Eksempel på kombinasjonar:
Program- område |
|
Eksempel 1 |
Eksempel 2 |
Eksempel 3 |
Realfag |
Vg2 |
R1, FY1, KJ1, BI1 |
R1, FY1, BI1, ENI |
R1, BI1, SOS, KV1 |
Vg3 |
R2, FY2, KJ2 |
R2, FY2, FR III |
R2, BI2, SK |
PROGRAMOMRÅDE SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI |
· I Vg2 må du ta minst to programfag frå dette programområdet på til saman 10 timar pr. uke
· I Vg3 er hovudregelen at du må fortsetje med minst to av dei faga frå det programområdet som du valde i Vg2
· Du må altså ha minst to fag frå programområdet på til saman 20 timar pr. uke i Vg2 og Vg3
· I Vg3 kan du erstatte det eine programfaget med Framandspråk III. Framandspråk III blir godkjent som eitt av dei to faga du må ha over to år (fordjupingsfag) i programområdet Språk, samfunnsfag og økonomi.
R-matte gjeld også som programfag på programområdet Språk, samfunnsfag og økonomi:
Matematikk |
Bet |
Merknad |
Realfagsmatematikk 1 |
R1 |
|
Realfagsmatematikk 2 |
R2 |
Byggjer på R1 |
I Språk, samfunnsfag og økonomi tilbyr vi elles følgjande programfag:
Engelsk |
Bet |
Merknad |
Engelsk 1 |
ENG1 |
|
Engelsk 2 |
ENG2 |
|
Fremmedspråk |
Bet |
Merknad |
Framandspråk nivå III (Spansk) |
SP III |
Byggjer på fellesfaget |
Framandspråk nivå III (Fransk) |
FR III |
Byggjer på fellesfaget |
Framandspråk nivå III (Tysk) |
TY III |
Byggjer på fellesfaget |
Samfunnsøkonomi |
Bet |
Merknad |
Samfunnsøkonomi 1 |
SØ1 |
|
Samfunnsøkonomi 2 |
SØ2 |
|
Politikk, individ og samfunn |
Bet |
Merknad |
Sosiologi og sosialantropologi |
SOS |
|
Sosialkunnskap |
SK |
|
Politikk og menneskerettigheiter |
PM |
|
Rettslære |
Bet |
Merknad |
Rettslære 1* |
RL1 |
*Kan bli erstatta av anna programfag i 2025-2026 |
Rettslære 2 |
RL2 |
|
Medie- og informasjonskunnskap |
Bet |
Merknad |
Medie- og informasjonskunnskap 1 |
MI1 |
|
Medie- og informasjonskunnskap 2 |
MI2 |
|
Psykologi |
Bet |
Merknad |
Psykologi 1 |
PSY1 |
|
Psykologi 2 |
PSY2 |
|
Eksempel på kombinasjonar:
Program- område |
|
Eksempel 1 |
Eksempel 2 |
Eksempel 3 |
Eksempel 4 |
Språk, samfunn, økonomi |
Vg2 |
ENG1, SOS, PSY1 |
ENG1, MI1, PSY1 |
R1, SØ1, ENG1, MI1 |
R1, BI1, ENG1, MI1 |
Vg3 |
ENG2, PSY2, PM |
ENG2, PM, TYIII |
R2, SØ2, PM |
R2, ENG2, MI2
|
KUNST OG VISUELLE VERKEMIDDEL
· Programfaget Kunst og visuelle verkemiddel høyrer ikkje til nokon av programområda vi tilbyr, men man kan velje faget så lenge man elles fyller kravet om å følgje (minst) to fag frå det same programområdet frå Vg2 til Vg3.
Visuelle kunstfag |
Bet |
Merknad |
Kunst og visuelle verkemiddel 1 |
KV1 |
|
Kunst og visuelle verkemiddel 2 |
KV2 |
Byggjer på KV1 |
Eksempel på kombinasjonar:
Program- område |
|
Eksempel 1 |
Eksempel 2 |
Språk, samfunn, økonomi |
Vg2 |
ENG1, SOS, KV1 |
SØ1, ENG1, R1, KV1 |
Vg3 |
ENG2, SK, KV2 |
KV2, ENG2, R2 |
Program- område |
|
Eksempel 1 |
Eksempel 2 |
Realfag |
Vg2 |
R1, FY1, KJ1, KV1 |
R1, FY1, KV1, ENG1 |
Vg3 |
R2, FY2, KV2 |
R2, FY2, ENG2 |
Dersom du vel Kunst og visuelle verkemiddel 1 i Vg2 som eitt av dine programfag, er hovudregelen at du må fortsetje med dei to andre programfaga som du valde i Vg2 inn i Vg3.
Læreplanane for alle fag finn du på www.udir.no
VIKTIG
Val av programfag og programområde gjer du på Visma innan 17. februar. Det vert opna for fagval frå 27. januar.
Hugs at du må søkje om skoleplass for neste skoleår på VIGO innan 1. mars.
Logg inn på www.vigo.no og søk på same måte som før førre skoleår
Litt om opptak til høgskolar og universitet
For å få opptak til høgskolar og universitet, må du ha godkjent studiekompetanse. Opptaket er basert på dine karakterar og at du til nokre studiar i tillegg har oppfylt spesielle krav til fagval innan realfaga.
Poengberekninga vert gjort slik:
· Karakterpoeng: Karaktergjennomsnitt x 10
· Realfagspoeng: Frå opptaket til høgare utdanning 2027, vert realfagspoenga redusert frå 4 til maks 2 poeng.
· Språkfagspoeng: Framandspråk III gir eitt tilleggspoeng fram til opptaket 2027.
Du konkurrerer i kvoten for førstegangsvitnemål dersom du har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Dersom du tek privatisteksamen etter fullført vidaregåande, blir søknaden din behandla i ordinær kvote (der poenggrensene ofte er litt høgare). Ordninga med førstegangsvitnemål blir vidareført også etter 2027. Detaljar i det nye opptakssystemet skal ut på høyring våren 2025, og vert innført gradvis frå 2027.
Studiekompetanse og ulike utdanningsvegar
Generell studiekompetanse vil si at du har fullført og bestått vidaregåande opplæring innan studieforberedande utdanningsprogram.
Nokre eksempel på studium/yrke som krev generell studiekompetanse:
Psykologi, teologi, juss, historie, kunsthistorie, filosofi, samfunnsfag, sosialantropologi, geografi, økonomi (på universitet), språk, litteratur, journalistikk, mediefag, vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom, ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, allmennlærar (NB Lærarutdanninga for grunnskole har krav om gjennomsnittskarakter 3 i norsk og 3 i matematikk, og minst 40 skolepoeng. Det er opna for at den einskilde studiestad kan søkje dispensasjon frå kravet. Du må difor sjekke dette på studiestaden sin nettside).
Politi (NB Politihøgskolen har tidlegare søknadsfrist enn andre studiar).
SPESIELLE OPPTAKSKRAV
Nokre studium krev at du tar spesielle realfag. Her er nokre eksempel:
UTDANNING |
MERK |
R |
FY |
KJ |
BI |
NTNU, siv. ingeniør |
|
R1 + R2 (min. 4 i R2) |
FY1 |
|
|
Bioingeniør |
1) |
R1 |
FY1 el. |
KJ1 el. |
BI1 |
Ernæring |
1) |
R1 |
FY1 |
KJ1 + KJ2 |
|
Farmasi |
1) |
R1 |
FY1 |
KJ1 + KJ2 |
|
Informatikk |
|
R1 |
|
|
|
Ingeniørutdanning |
|
R1 + R2 |
FY1 |
|
|
Marinbiolog |
|
R1 |
FY1+FY2 el |
KJ1 + KJ2 el |
BI1 +BI2 |
Medisin |
1) |
R1 |
FY1 |
KJ1 + KJ2 |
|
Odontologi |
1) |
R1 |
FY1 |
KJ1 + KJ2 |
|
Veterinærutdanning |
1) |
R1 |
|
KJ1 + KJ2 |
|
Øk.-adm. Utd. NHH |
1) |
R1 |
|
|
|
1) R1 kan erstattast av S1 + S2. Langhaugen tilbyr berre R1 i skoleåret 2025-26.
Merk at det kan vere variasjonar i opptakskrav til same studium på ulike studiestader.
· Nokre utdanningsinstitusjonar som krev realfag, tilbyr forkurs for dei som manglar desse faga. Sjekk med utdanningsstaden! |
Nyttige nettadresser:
· www.vilbli.no (Nyttige sider om vidaregåande skole)
· www.utdanning.no (Oversikt over utdanningar med opptakskrav)
· www.samordnaopptak.no (Om opptak til høgare utdanning)
· www.ansa.no (Informasjon om studiar i utlandet)
Vi oppfordrar også til å sjekke ut nettsidene til aktuelle utdanningsinstitusjonar!
Rådgjevarane v/Langhaugen vgs.:
· Elin Strand, elin.strand@vlfk.no (Klasse 1A, 1D og 1E)
· Randi Skogedal, randi.skogedal@vlfk.no (Klasse 1B og 1C)