Hopp til hovedinnhold

Historie

Bilde av Langhaugen vgs

LANGHAUGEN VIDEREGÅENDE SKOLE – EIN KORT HISTORIKK

I 1961 fekk den nye bydelen på Landås også ein heilt ny vidaregåande skole, eller gymnas som det heitte den gongen; Langhaugen skole. Den nye skolen var ei vidareføring av Sydneshaugen skole, som då var tatt over av Universitetet i Bergen. Langhaugen var ein moderne og påkosta skole teikna av byarkitekten i Bergen, Eystein Michaelsen. Ikkje minst imponerte den store aulaen, som eit av dei største offentlege lokala i Bergen, med scene og spesialdesigna aulagolv. Skolen var eit tradisjonelt gymnas med plass til ca. 600 elevar, og allereie frå starten av hadde skolen ein kreativ profil, med engelsklinje med kunst.

I løpet av dei 60 åra som har gått, har skolen i liten grad gjennomgått endringar reint arkitektonisk. Men fagtilbodet er utvida. Etter at skolen i fleire år hadde hatt musikk som valfag, blei det bestemt at den første musikklinja i Bergen der utøvande fag stod sentralt, skulle komme på Langhaugen. Musikklinja blei etablert i 1986, og dette tilbodet på Langhaugen er framleis einaste musikklinja innan den offentlege skolen i Bergens-området. Etter skolereforma Reform 94  blei det også etablert danselinje på Langhaugen i 1997, og denne linja har i alle år vore det einaste tilbodet innan dans i gamle Hordaland fylke.

Langhaugen videregående skole er i 2022 ein vital og livskraftig skole med god søking til alle dei tre fagtilboda på skolen (studiespesialisering, musikk, dans). Trass i ei rekkje skolereformar gjennom 60 år, har skolen halde ved like mykje av opprinneleg profil og eigenart. Det kjem også til uttrykk i dei fire stikkorda Kunnskap & Kreativitet - Trivsel & Takhøyde.

No står skolen på terskelen til ei ny tid, med eit planlagt nybygg som vil huse heilt nye musikk- og danselokalitetar, bl.a. konsertsal, nytt idretts- og gymnastikkanlegg og nye realfagsrom. Også hovudbygget frå 1961 vil etter kvart få ei oppgradering som vil gjere skolen funksjonell og tilpassa dagens pedagogikk og krav til ein skole for framtida. Slik sett vil Langhaugen videregående skole i åra som kjem framleis vere ein attrativ skole for ungdom som skal gjere viktige val med tanke på vidare skolegang og utdanning.