Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Bilde av elever i kjemitimen

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Studiespesialiserende

På studieretning for studiespesialisering kjem du inn i eit læringsmiljø med dyktige lærarar og engasjerte elevar. Vi har fem klassar på kvart trinn. Elevane kan velje mellom mange flotte og interessante programfag. På vg1 er det 30 timar med fellesfag. På vg2 og vg3 vel du mellom ei rekkje ulike programfag i tillegg til fellesfaga. Sjå elles brosjyre om programfag på studiespesialisering.

 

På Langhaugen kan du også velje faget Kunst og visuelle verkemiddel. Dette er eit praktisk-teoretisk fag for deg som er kunstinteressert. Vakre elevarbeid pryder ofte aulaen, til glede for alle elevar og tilsette.

Her finn du brosjyre med informasjon om studiespesialisering på Langhaugen.

Vg1

På Vg1 har du dei fleste faga saman med klassen din, men i matematikk må du velje mellom teoretisk (1T) og praktisk matematikk (1P). Du kan velje å halde fram med framandspråket frå ungdomsskulen på nivå II, eller begynne med nytt framandspråk på nivå I. Dei som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen begynner på nivå I og må i tillegg ta nivå I+II i Vg3.

Vg2

På Vg2 kan du velje mellom desse programfaga:

  • Realfag: biologi 1, fysikk 1, kjemi 1, R1-matematikk, S1-matematikk 
  • Språk, samfunnsfag og økonomi: engelsk 1, medie- og informasjonskunnskap 1, psykologi 1, rettslære 1, samfunnsøkonomi 1, sosiologi og sosialantropologi
  • Formgjevingsfag: kunst og visuelle verkemiddel 1

Vg3

Når du kjem til Vg3 har du desse programfaga å velje mellom:

  • Realfag: biologi 2, fysikk 2, kjemi 2, R2-matematikk, S2-matematikk
  • Språk, samfunnsfag og økonomi: engelsk 2, medie- og informasjonskunnskap 2, psykologi 2, rettslære 2, samfunnsøkonomi 2, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar
  • Formgjevingsfag: kunst og visuelle verkemiddel 2