Foreldremøter skuleåret 2025-2026
I løpet av skuleåret arrangerer vi fleire møte for føresette. På desse vil du få generell informasjon om skulelivet på Langhaugen og også treffe kontaktlærar og andre faglærarar for klassen. Dette skuleåret har vi følgjande datoar for møta:
For Vg1:
Onsdag 10. september Informasjon finner du her
Onsdag 26. november
Mandag 26. januar
For Vg2:
Torsdag 27. november
For Vg3:
Mandag 09. mars
Fråvær
Eleven er pliktig å melde frå om fråvær same dag. Dette gjer ein ved å registrere fråværet i Visma InSchool. Unntaksvis kan elevene sende ei melding til kontaktlæraren på It's Learning, via e-post, eller sms.
Om ein elev har meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag, vil hovudregelen vere at ein ikkje har rett til halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget. Dersom det udokumenterte fråværet er 10-15%, og årsaka til fråværet gjer det urimeleg ikkje å få karakter, kan rektor bestemme at eleven skal få karakter.
Orden og åtferd
Langhaugen vgs følgjer Fylkeskommune sitt felles ordens- og åtferdsreglement for dei vidaregåande skulane i fylket og IKT-reglement for elever i Vestland fylkeskommune.
InSchool
Vestland fylkeskommune bruker InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system. VIS skal brukast av elevar, tilsette og føresette. Les meir om kva informasjon du finn der og korleis du loggar deg inn her.
Rettleiar- førebygging av radikalisering
Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med Bergen kommune og RVTS Vest utarbeida ein rettleiar for handtering av situasjonar der ein møter personar som står i fare for å bli radikalisert.