Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om tilrettelegging.
Du kan søkje om tiltak som skal kompensere for ulempene funksjonsnedsettinga di fører med seg når du tar eksamen. Vanlege tilretteleggingar er utvida tid og opplese oppgåvetekst.
Vi kan ikkje innvilge tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre kandidatar eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Vi kan heller ikkje leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnskapar.
Du kan lese meir om tilrettelegging i Forskrift til opplæringslova § 9-34.
Vi gjer vedtak om kva tilrettelegging du skal få. Du vil få brev med vedtaket. Om du meiner at vi har gjort feil vedtak, kan du klage.
Søknadsfristen er 1. mars.