Hopp til hovedinnhold

Storprosjekt

Plakat storprosjekt 2022

Elevar og lærarar på musikk- og dans jobbar no hardt for å lage ei stor førestilling. Den 23. og 24. februar skal nemleg førestillinga SHAKEN – NOT STIRRED bli sett opp på Forum Scene.

Storprosjekt 2022 

90 musikkelevar og 90 dansarar skal presentere låtar og scener frå Bond-filmar gjennom 60 år. Førestillinga er også ei feiring av Langhaugen sitt 60-årsjubileum.

Bli med på denne leiken med James Bond gjennom 60 år! I inneverande skuleår er Langhaugen nemleg 60 år, og ein kuriositet er at den første James Bond-film er nøyaktig like gammal. Musikk frå 60 år med Bond-filmar gir dermed eit tidsbilde av skulen sine seksti år med unge elevar, utan at vi skal trekke for mange parallellar mellom filmane sitt univers og skulekvardagen på Landås! Det heilt særeigne som Langhaugen si musikk- og danselinje kan by på, er mange unge menneske på scena med eit høgt nivå på dans og musikk. Med 180 aktørar på scena og ei stor mengd lærarar som står bak, gir dette unike føresetnadar for ei flott førestilling.

Velkommen! 

Billettar får du kjøpt her.